No kan alle sjå resultatet i Sentrum av Rosendal, langs elva og i Skålagato. Møblane er komt tilbake fra Kvinnherad Vekst. Dei framstår som «nye». Tusen takk for flott arbeid.
Rosendal Bygdalag har fått heile 95 000.- i støtte fra Sparebank 1 stiftinga til å fremja gode trivselstiltak i sentrumsområdet. Der har Rosendal Bygdalag samarbeida godt ilag med Rosendal Utvikling.
Vi ynskjer å fornya utemøblane, benker og bord, i sentrumsnære områder deriblant i handlegata og langs elva.
Området langs elva er rydda for tre og vekster. Det er blitt eit ope og fint område for tur og avslapping.
Det sto allerede mange gode benker der, men dei trong ei oppgradering.
Den flotte bedrifta KVINNHERAD VEKST i Uskedalen tok på seg oppdraget med restaurering av dei som kunne «leva vidare» Flott at vi kan gjenbruka det som allerede var her. Rosendal Bygdalag vil fornya ytterligare.
Takk til Svein Jarle Mehl som hjelpte med å få dei på bil og veileda KVINNHERAD VEKST når dei var og henta møblane.