Etter at Annette M. Hauso (bilete) har hatt pop-up butikk i Rosendal i sommar freistar ho og butikkmedarbeidaren Annelin Johannessen å driva vidare. Annette informerer slik om butikken:
Berg Gull og Sølv Eftf. AS er ei kjedeuavhengig gullsmedforretning som held til i Odda i Ullensvang kommune og no i Rosendal i Kvinnherad kommune.
Me er ein gullsmedbutikk, som har eit rikhaldig utval frå Noregs største leverandørar innan bunadsølv, dåpsgåver, sølvtøy, smykke i gull og sølv, diamantsmykke og klokker.
Berg Gull og Sølv tilbyr og moglegheit for gravering, reparasjon av smykke, redesign, batteriskift, lenkeskift og reins av dine smykke og klokker.
Sølv til Hardangerbunad er vår spesialitet!
Berg Gull og Sølv har eigne lisensar, som me har einerett på, til ulike delar til Hardangerbunaden.
Det er ingen andre i landet som kan skaffe deg desse delane. Dette gjeld f.eks. handskåren stor sølje, epleblomstøl til skinnbelte, englespenne og maljer til Røldalsbunaden. Alle delane kan ein få i forgylt sølv og oksidert sølv. Sølvet vårt blir produsert som leigeproduksjon hjå Sylvsmidja på Voss.
Vårt sølv kjem med same garanti som dei gjev på sin eigen produksjon, livstidsgaranti på produskjonsfeil.
Me skaffar deg alt du måtte trenge av bunadsølv, uansett kva bunad du har.
Butikken vert flytta til Skålgato 55, dato for opning kjem.
Frå og med sepetember / okotober har me ope:
Onsdag – Laurdag
Desember: Måndag – søndag
Januar – påske: Onsdag – Laurdag
Etter påske: Måndag til Laurdag
Søndagsåpent i fellesferien.