Parken Langs Elva

Då er Ove Stokka i full sving og byggjer «hytta» som skal stå i parken. Endeleg kunne bygginga starte. Det neste på planen er leikeapparat. Dette hadde ikkje vore mogleg utan stønad frå Stifting | Sb1sk | Kvinnherad | Odda | Stord (kvinnheradstiftinga.no), Eide Fjordbruk (efb.no), Hjem – Mowi Company Nettsted, Miljøfond – SIM og Fjæreskulen som alle har bidrege økonomisk til at dette kunne realiserast. Denne parken er eit veldig godt eksempel på at samarbeid lønar seg. Her har Svein Jarle Mehl, Rosendal Bygdelag, Rosendal Helselag og Rosendal Utvikling arbeida i saman om å få dette til. Det har vore dugnad med godt oppmøte der ein slo graset, luka, klypte og rydda, slik at det skal vera triveleg for folk å setje seg ned og slappe av der. Dette kjem til å verta ein veldig triveleg stad å vera.