Rosendal og dei næraste bygdene har eit breidt og allsidig tilbod.
Her er det mange allsidige butikkar, fleire moglegheiter for bevertning, velværesalongar, tannhelse, legekontor, entreprenørar, byggfirma, interiørbutikkar, , overnattingsmoglegheitar, galleri, oppdrettsverksemder, betongindustri, steinverk, bilbutikk, bensinstasjon og mange fleire aktørar.
Det som imponerer aller mest, er det store mangfaldet av næringsaktørar og frivillige organisasjonar.
I tillegg til alle næringsaktørar har vi óg registrert at det er svært mange frivillige organisasjonar som jobbar for at Rosendal og bygdene rundt skal framstå som ein god plass å bu, jobba i, vera kunde og turist i.
Eit samfunn består av mange store og små tannhjul, der alle er lika viktige for heilskapen, tilbodet og trivselen.
Vi kjem enklare til målet om vi saman kan sjå moglegheiter som kan utviklast og skapa nye trygge arbeidsplassar.
Rosendal Utvikling ynskjer vera ein ressurs for næringslivet .
Uansett kva næring vi driv er målet trygge arbeidsplassar og gode resultat slik at næringa kan utvikla seg og investera vidare. Vi er avhengig av kvarandre uavhengig av bransje og beliggenhet.
Vi ynskjer alle velkomne som medlemmar i Rosendal Utvikling.
Vi vil framsnakka all næring, liten eller stor, alle er viktige brikker.
Rosendal Utvikling skal vera ein ressurs for alle næringsaktørar.
Vera pådrivar og behjelpeleg med oppstart av nye verksemder.
Alltid ha oversikt over ledige næringslokaler
og ubebygde næringsområder med kontaktinfo på nettsida.
Arr. kurs, foredrag el likn.
Utfordrar næringsaktører til å gi tbm om behov dei måtte ha, vi skal vera behjelpelege med tilrettelegging.