Rosendal Helselag, Rosendal Bygdelag og Rosendal Utvikling samarbeidar om å utvikle område langs Hattebergelva i Rosendal til ein park for glede og nytte både for innbyggjarar og tilreisande. Med på laget er Svein Jarle Mehl som prosjektleiar.
Området er blitt svært tilgjengeleg for folk flest. Det er gjort ein stor jobb med rydding og tilrettelegging av området og det er lagt ned fleire hundre dugnadstimar på grusing av sti, fjerning av skog, stein og etc.
Stien er slik at det er enkelt for folk å gå både til fots, med rullestol og barnevogn, det skal vere enkelt for alle å nytta den.
Parken ligg sentrumsnært langs Hattebergelva som munnar ut i Hardangerfjorden.
Vi ynskjer å utvikla dette området til ein samlingsplass for alle som bur og gjestar området. Sparebank1-stiftinga er rause og Helselaget og Bygdelaget har mottatt til saman 120 000,- i gåve frå dei.